Kristine fann både styrke og tryggleik på sirkuslinja
Kristine Klemmetvoll | Elev og stipendiat Movment X Modern Circus (2024-2026)
Kristine Klemmetvoll har funne seg godt til rette på sirkuslinja ved Fjordane folkehøgskule. Her i kjøkkenhagen til skulen.
Eit uforgløymeleg og verdifullt år
– Eg lærte utruleg mykje innanfor sirkus, men ikkje berre det. Eg har utvikla meg som person og fått nye fantastiske vennar.
For Kristine vart året på Fjordane folkehøgskule eit år der både kropp og hovud fekk jobbe saman. Gjennom sirkuslinja “Movement X Modern Circus” fekk ho utforske sirkusfaget i djupna, samtidig som ho opparbeida ei sterkare tru på seg sjølv.
– Eg blei tryggare på den eg er. Linjefaget gav meg ei heilt ny forståing av kroppen min, både fysisk og mentalt. Vi jobba mykje med styrke og kroppsbehersking, men utviklinga stoppa ikkje der. Fellesskapet og fellesfaga gjorde minst like mykje for meg som menneske.
Kristine valde Fjordane av ein heilt konkret grunn. Fjordane folkehøgskule har den einaste sirkuslinja i Noreg.
– Då valet stod mellom fleire skular, var det eigentleg ikkje noko å lure på. Lærarane verka ekstremt kompetente. Eg kunne ikkje gå glipp av sjansen med å drive med luftakrobatikk og bli trena av ein Cirque du Soleil-artist.
«Austlendingen i meg trudde aldri eg ville trivast så godt på Vestlandet».
At skulen ligg på Nordfjordeid, i ei vakker bygd i Nordfjord, var eit stort pluss.
– Eg trudde aldri eg skulle trivast så godt på Vestlandet, men omgjevnadane her er heilt spesielle. Naturen, roen og stemninga gjer noko med deg.
Ein aktiv og variert kvardag på Movement X
– Det beste med sirkuslinja er at vi er i aktivitet og trenar kvar einaste dag. Vi trenar og får utvikla oss mykje, men alltid med trygge og sunne mål. Timane varierer frå sjonglering og trampoline til luftakrobatikk, og det gjer dagane både morsame og lærerike.
I klassa møtest elevar frå ulike delar av verda, med ulik erfaring og bakgrunn.
– Det gjer kvardagen spennande. Vi lærer av kvarandre heile tida, både fagleg og menneskeleg.
Kristine i lufta. Her fekk ho teste grenser, bygge styrke både fysisk og mentalt.
Lærarane spelar ei viktig rolle i utviklinga.
– Dei er ekstremt dyktige i sirkusfaget og skikkeleg flinke til å lære bort. Dei ser deg der du er, og hjelper deg steg for steg mot måla dine. Samstundes er dei ein del av fellesskapet. Det blir både trygt og profesjonelt på same tid.
Når Kristine ser tilbake på året, er det vennskapa som sit sterkast igjen.
– Eg har fått vennar for livet. Eitt spesielt vennskap har betydd enormt mykje for meg. Eg lærte kva ein ekte venn eigentleg er. Det vart så viktig at vi tok matchande tatoveringar til minne om året og vennskapet. Det seier vel sitt.
Av opplevingar som stikk seg ut, trekkjer ho fram tre.
End of the Year Show med sirkusgjengen, der dei fekk vise alt dei har lært og ikkje minst, støtte kvarandre backstage ein siste gong.
Surfing med heile skulen, der ho fekk prøve noko heilt nytt i eit trygt miljø. – Vi lo faktisk saman hele dagen!
Til dei uforgløymelege kveldsturane med gode venner som dei kalla «late night laugh walks».
Kristine oppsummerar året med tre ord:
Sjølvutviklande. Ekte. Idyllisk.
Til deg som vurderer Fjordane folkehøgskule, er Kristine klar i talen:
– Det er absolutt verdt det. Uansett kva linje du vurderer, møter du gode lærarar, eit trygt læringsmiljø og menneske som fort blir som familie. Det kan vere nytt og litt skummelt i starten, men det er her du skapar minner og historier du kjem til å ta med deg vidare i livet.