Rebekka har alltid hatt ein draum om å gå på folkehøgskule
Rebekka Berglen | Elev og stipendiat Søm og strikk (2024–2026)
– Her er det så mykje kult å gjere, lære og oppleve. Eg vil også trekke fram den fantastiske maten. Kokkane legg til rette for at alle skal ete god mat, til og med oss med matallergiar!
Meistring og skaparglede på Søm og strikk
– Eg er så utruleg glad for at eg valde å gå på folkehøgskule!
For Rebekka vart året på Fjordane folkehøgskule eit år der ho fekk fordjupe seg i det ho likar aller best. Med nål, tråd og strikkepinnar fann ho både meistring, ro og ein kvardag fylt av skaparglede. Ho likte seg faktisk godt at ho valgde å gå eit år til som stipendiat på skulen.
– Eg har lært meg å strikke, og no har eg strikka to gensarar, ei jakke, vottar og sokkar. I tillegg har eg lært mønsterkonstruksjon og korleis eg kan få eit plagg til å sitje heilt perfekt.
Valet av Fjordane var ikkje tilfeldig
– Naturen her er heilt fantastisk vakker. Samstundes har skulen så mange ulike valgfag, og eg fekk moglegheita til å fordjupe meg i det eg likar aller best. Nemleg sying.
På Søm og strikk har Rebekka hatt tilgang til eit syrom som raskt vart ein trygg og kreativ base i kvardagen.
– Favorittrommet mitt er syrommet. Det er utruleg godt utstyrt, og stemninga der inne er heilt spesiell. Lærarane er så dyktige og kan hjelpe med alt. Eg har mellom anna sydd ei festdrakt som sit endå betre enn det eg trudde var mogleg.
Lærarane beskriv ho med eit smil.
– Dei er kunnskapsrike, omsorgsfulle og litt kaotiske. På ein veldig god måte.
Når Rebekka ser tilbake på året, er det ofte dei små stundene som kjem først.
– Kaffedrikking på kaffebaren Bønna. Det er også på topplista av favorittstadene mine. Her lagar vi god kaffi, høyrer på koseleg musikk og snakkar om alt mellom himmel og jord. Det er alltid god stemning der.
Blant opplevingane som har sett spor, trekker ho fram tre:
Allsong på syrommet
Klassetur til Bergen
Og ein kveld der praten i aulaen var så god at tida forsvann. Heilt til klokka to på natta.
Tida på Fjordane oppsummerer ho med tre ord: Fylt av kjærleik.
Til deg som vurderer Fjordane folkehøgskule, er bodskapen til Rebekka klar:
– Gjer det. Start her. Det er så mykje kult å lære, gjere og oppleve. Eg vil spesielt trekke fram maten. For meg, som har mange allergiar, har kjøkkenet vore heilt fantastisk. Dei legg til rette for alle, og maten er så utruleg god. Det er vanskeleg å forklare den kjensla med ord, men her er det verkeleg noko for alle.