Frå USA til Nordfjordeid for å gå eit år på Fjordane folkehøgskule

Linje: Friluftsliv | Explorer 360   
Kven: Alex Lofting | Far til elev (William)   
Årstall: 2024-2025

– For William har året på Fjordane folkehøgskule vore heilt avgjerande. Han har fått oppleve naturen, fellesskapet og utfordringar på ein måte som har gjort han tryggare, sterkare og meir sjølvstendig, fortel faren Alex Lofting frå USA. 

Alex (far) og William (elev) på ferie i Trondheim. Bildet er tatt frå den historiske bybrua. Foto: Privat.

Eit år som gav William alt – og litt til

– Det er noko heilt spesielt med miljøet på skulen. Lærarane og dei tilsette ser elevane, og det er alltid nokon som følgjer med og bryr seg. For oss foreldre, som har sonen vår så langt heimanfrå, betyr det alt å vite at han er trygg. William har kjent seg både støtta og inkludert, sjølv om han har budd langt heimanfrå, seier Alex. 

Faren trekkjer fram kombinasjonen av aktivitet og omsorg som noko heilt spesielt. – Han har fått prøve alt mogleg ute i naturen, med lærarar som verkeleg kan faget sitt og veit korleis dei får fram det beste i kvar elev. Det har gitt William både meistring og pågangsmot. 

– William har blitt mykje meir sjølvstendig. Det å bu åleine i eit nytt land, lære å ta ansvar og vere ein del av eit fellesskap har gjort han godt, fortel faren. 

Vennar frå heile Europa

Eit av høgdepunkta var den store utanlandsturen til Østerrike med linja. Det var ei oppleving som gav han ytterlegare perspektiv og sjansen til å oppleve meir av Europa. Gjennom året på Fjordane folkehøgskule har William fått venner frå heile Skandinavia og Europa. Det har gitt han mykje glede, men også ei breiare sosial og kulturell forståing,  

–  Det at Fjordane fremjar eit sunt og aktivt liv, har hatt stor innverknad på både den fysiske og mentale helsa til William. Året i Norge har vore ei uvurderleg erfaring som verkeleg har bidrege til William si personlege utvikling, seier Alex.  

Alex er ikkje i tvil om verdien av året: 

– Dette har vore eit fantastisk år på alle måtar. Det har gitt William livserfaring, tryggleik og motivasjon til å møte framtida. Eg kan varmt anbefale Fjordane folkehøgskule til alle som ønskjer eit meiningsfullt år som gir ungdommen ferdigheiter og opplevingar dei vil ha nytte av resten av livet, avsluttar faren Alex, stolt.

Forrige
Forrige

Friluftsliv gav nye utfordringar, meistring og minner for livet

Neste
Neste

Tok pause frå studiet og fann motivasjonen på folkehøgskulen