Sommarjobb på Fjordane folkehøgskule 2026
– for deg som likar å ta i eit tak og bidra til eit triveleg uteområde
Fjordane folkehøgskule søkjer ein praktisk og arbeidsvillig ungdom til sommarjobb med vedlikehald og drift av skuleområdet.
Hos oss blir du ein viktig del av laget som sørgjer for at området vårt ser innbydande og velstelt ut – både for elevar, tilsette og sommarens gjester.
Vi søker deg som:
Er praktisk anlagt og likar å jobbe ute
Er påliteleg, punktleg og sjølvstendig
Tek ansvar og får jobben gjort
Har eit auge for orden – og kanskje til og med set pris på ein nyslått plen
Er minst 16 år innan oppstart
Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid, men det er ikkje eit krav.
Dine arbeidsoppgåver vil vere:
Du vil mellom anna få ansvar for:
Klipping av plen og enkelt hagearbeid
Måling og mindre vedlikehaldsoppgåver
Rydding og anna førefallande arbeid
Å bidra til at uteområdet framstår ryddig og triveleg
Vi tilbyr:
Løn etter avtale/ tariff
Trivelege og inkluderande kollegaer
Varierte arbeidsdagar i flotte omgjevnader
Verdifull praktisk arbeidserfaring
Interessert?
Send oss ein kort søknad – kanskje er det nettopp du som sørgjer for at Fjordane folkehøgskule er på sitt finaste i sommar ☀️
Vi ser fram til å høyre frå deg! Du kan sende søknad og CV på e-post til oystein.hovig@fjordane.fhs.no snarast.
Har du spørsmål kontakt Øystein Høvig på telefon 99390412.