Vaktmeister 60 % - variert jobb med moglegheit for større stilling

Stillingstype: Vikariat
Tilsetjing: 01.08.2026 – 31.07.2027
Arbeidsstad: Fjordane folkehøgskule, Nordfjordeid

Vil du vere med og skape eit trygt og levande skulemiljø?

Fjordane folkehøgskule søkjer ein praktisk og løysingsorientert vaktmeister i 60 % stilling, med moglegheit for utviding for den rette søkjaren. Hos oss blir du ein viktig del av kvardagen – både for elevar og tilsette – og bidreg til at skulen er ein god stad å vere, kvar einaste dag.

Dette er jobben for deg som trivst med varierte oppgåver, likar å ta ansvar og set pris på eit uformelt og inkluderande arbeidsmiljø.

Dine arbeidsoppgåver vil vere: 

  • Dagleg vedlikehald inne og ute

  • Enkle reparasjonar og praktisk bistand ved arrangement

  • Tilsyn med bygningar og tekniske anlegg

  • Drift og stell av uteområde (inkludert brøyting ved behov)

  • Dialog med leverandørar og handverkarar

    Ønskte kvalifikasjonar: 

  • Erfaring frå praktisk arbeid eller liknande stilling

  • Fagbrev innan bygg og anlegg er ein fordel

  • Minimum førarkort klasse

    Kven er du?
    Vi ser etter deg som

  • er praktisk anlagt og løysingsorientert

  • jobbar sjølvstendig og strukturert

  • har god samarbeidsevne og serviceinnstilling

  • trivst i eit miljø med ungdom og liv rundt deg

    Kvifor jobbe hos oss?
    Hos oss får du meir enn ein jobb – du blir del av eit levande skulemiljø:

  • Eit inkluderande og sosialt arbeidsfellesskap

  • Varierte arbeidsdagar med meiningsfulle oppgåver

  • Engasjerte kollegaer og mykje godt humør

  • Moglegheit for forlenging av vikariatet

    Vi set pris på dei små tinga i kvardagen: ein god lunsj, ein prat ved kaffimaskina, eller eit slag biljard i pausen. Samstundes er vi ein arbeidsplass med eit større formål – å bidra til at ungdom får eit av dei beste åra i livet sitt.

Ein arbeidsplass med verdiar

Fjordane folkehøgskule er ein aktiv samfunnsaktør:

  • Miljøfyrtårn-sertifisert

  • Fokus på berekraft og ansvar

  • Brukar Fairtrade-produkt

  • Debio bronse (minst 15 % økologisk mat)

Vi ønskjer å vere ein skule som tek ansvar, både lokalt og globalt.

Lønn og vilkår

Lønn og tilsetjingsvilkår etter gjeldande avtaleverk.

Interessert? 

Har du lyst til å bli ein del av laget vårt? Send søknad og CV innan 21.06.2026 til: rektor@fjordane.fhs.no

Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor Øystein Høvig på telefon 99390412.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Sommarjobb på Fjordane folkehøgskule 2026